God fart i sporet sikra tredjeplass til Tarjei Bø på fellesstarten
Postet av Markane IL den 10. Jan 2016

Tarjei Bø sikra nok ein pallplass med suveren fart i sporet. Fellesstarten byrja ikkje spesielt bra for Tarjei med to bom på den første skytinga. I tillegg kom det nok ein bom på den tredje skytinga. Utfrå siste skyting låg Tarjei på ein sjuandeplass, men farten på sisterunden vart suveren. Dermed held det til ein fin tredjeplass.
Martin Fourcade tok sigeren medan Moravec vart nummer to. Johannes Thingnes Bø kom på ein 10.plass med totalt to bom.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Markane IL
Resultatliste frå sesongens 7.cuprenn
10.03.2026
Resultatliste for cuprenn nr 6 skicross
10.03.2026
Resultatliste frå cuprenn 5 i klassisk stil
25.02.2026
12.plass på fellestarten i OL
22.02.2026
Alle Med Familiedag på Ullsheim
18.02.2026