Markering av Maren Hjelmeset Kirkeeide sine prestasjonar på Ullsheim 11.juli kl 1500

Postet av Markane IL den 6. jul 2026

Markane IL innbyr alle til markering av Maren Hjelmeset Kirkeeide sine flotte skiskyttarprestasjonar laurdag 11.juli lkl.1500.

Maren har etablert seg heilt i verdseliten i skiskyting og toppa fjorårssesongen med tre OL-medaljar! Markane IL  ønskjer å markere prestasjonane ho har levert med ein eigen festdag på Ullsheim

Program:

-Helsingar frå innbodne gjester

-Laserskyting og andre aktivitetar for små og store

-Enkel servering med kaker og kaffi

Velkomne til ein kjekk ettermiddag på Ullsheim!




Heiderteikn tildelt Tarjei og Johannes!

Postet av Markane IL den 10. jun 2026


Johannes Thingnes Bø og Tarjei Bø har fått tildelt Norges Skiskyttarforbund sitt heidersteikn.

Norges Skiskyttarforbund hadde forbundsting på Gardermoen sist helga. I tillegg til Tarjei og Johannes vart det også tildelt heidersteikn til Morten Aa Djupvik, Per Arne Botnan og Siv Bråten Lunde. Foto: NSSF


I uttala frå NSSF heiter det: «NSSF Hederstegn kan tildeles skiskyttere/ledere som har oppnådd fremragende resultater i nasjonale og internasjonale konkurranser, eller har fremhevet seg i arbeidet for NSSF på en spesiell måte. Hederstegnet er forbundets høyeste utmerkelse for idrettslig og administrativ innsats. Hederstegnet gis som jakkemerke i gull»,

Johannes Thingnes Bø og Tarjei Bø la opp etter 2024/2025-sesongen.

Johannes er ein av dei mestvinnande utøvarane i skiskyttarsporten, med 40 VM-medaljar (22 gull, 13 sølv, 5 bronse) og 8 OL-medaljar (5 gull, 2 sølv, 1 bronse). Han vann verdscupen samanlagt fem gonger.

Tarjei sikra seg 27 VM-medaljar (12 gull, 7 sølv, 8 bronse) og 7 OL-medaljar (3 gull, 2 sølv, 2 bronse) før han sette karrierepunktum. Han vann verdscupen samanlagt ein gong (2010/2011).

Vi gratulerer!




Resultatliste frå Postvegløpet 2026

Postet av Markane IL den 3. jun 2026

Her er resultatlista frå Postvegløpet 2026:

Resultatliste frå Postvegløpet 2026




Postvegløpet 3.juni2026

Postet av Markane IL den 3. jun 2026

Onsdag 3.juni er det klart for årets Postvegløp i Markane.
Start/mål ved Skogstjerna, (10 km vest for Stryn ved rv.15).

Konkurranseklasse start kl.1900
Trim/mosjonsklasse start frå kl. 1800


Konkurranseklasser:

G/J 13-15, 16-18 (kr 80,-)

M/K 19-34, 35-49, 50-59, 60-69, 70- (kr 150,-)

Lisens kjem i tillegg for dei som ikkje har årslisens.

Trimklasse:

Kr. 50 pr person eller familie kr 150

Løpet er 6 km langt og går litt på grus og resten i terreng/på sti.

Løpet har hatt svært god deltaking  tidlegare. Vi håpar sjølvsagt på ny deltakarrekord.

1/3-premiering i konkurranseklassen  og i tillegg mange uttrekte premiar i både trim og konkurranse.

Alle velkomne!




Klart for norgescup i skiskyting 11.-14.mars 2027

Postet av Markane IL den 26. apr 2026

Det er klart for nytt norgescuparrangement (ASKO-cup) i skiskyting på Ullsheim 11.-14.mars 2027. Øvingane som står på programmet er sprint, normal/jaktstart og blanda stafett.

Vi takkar for tilliten frå forbundet og gler oss til å ønskje skiskyttarfamilien velkome til Ullsheim!