Friidrett:
Postet av Markane IL den 4. Mai 2011
Hugs lagsmeisterskapet i friidrett 10.juni 2011!

Årets lagsmeisterskap vert avvikla fredag 10.juni kl.18.00 på Hornindal idrettspark.
Også i år vert lagsmeisterskapet i friidrett arrangert i fellesskap av klubbane
i Indre Nordfjord.
Øvingane som er på programmet er: 60 m/100m, lengde, høgde, kule, liten ball, spyd, 600 m/800 m.
Sjølv om det vert høve til å melde seg på ved start, vil vi gjerne ha flest mogleg påmeldingar på førehand!
Hugs å oppgje alder og kva øvingar du ønskjer å delta på!
På grunn av vegbyggjing rundt Hornindal skule vil parkering dette året bli ved kyrkja.
Velkomne på lagsmeisterskap!
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Markane IL
Resultatliste frå sesongens 7.cuprenn
10.03.2026
Resultatliste for cuprenn nr 6 skicross
10.03.2026
Resultatliste frå cuprenn 5 i klassisk stil
25.02.2026
12.plass på fellestarten i OL
22.02.2026
Alle Med Familiedag på Ullsheim
18.02.2026