Orienteringssesongen 2019 startar opp snart.
Postet av Markane IL den 11. apr 2019

Orienteringssesongen startar opp att igjen. Helga 27. og 28. april er det KM Mellom og KM Sprint i Stryn (Har byta dag innbyrdes i høve det som har vore annonsert tidlegare.)
Det er i år lagt inn ein ungdomscup som omfattar desse 4 løpa: KM Sprint, Sunnfjordorienteringa, DM Mellom og KM Lang.
Cupen gjeld for ungdom til og med 20 år, i klassane D/H 13-14, D/H 15-16, D/H 17-20.
Ved KM Lang i Naustdal 15. september blir det jaktstart basert på tidsdifferansen etter dei tre første løpa, utrekna etter følgjande formel:
(Tida ved KM Sprint x 2) + (Tida ved Sunnfjordorienteringa) + (Tida ved DM Mellom) = tidsdifferanse ved jaktstart.
Det vert også i år ti nær-o-løp. Sesongen startar opp torsdag 2.mai og det er Markane som arrangerer det første løpet med start frå Ytste-Maursetvegen. Heile terminlista er lagt ut nedanfor.
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Markane IL
Heiderteikn tildelt Tarjei og Johannes!
10.06.2026
Resultatliste frå Postvegløpet 2026
03.06.2026
Postvegløpet 3.juni2026
03.06.2026
Innbyding til Oldestafetten 19.april 2026
10.04.2026