Kategori
Ullsheim 6.1.2013:
Postet av Markane IL den 7. Jan 2013
Ullsrennet 2013
Frå startfeltet i klassa jenter 9 år og yngre. Frå venstre: Amanda Gjøvåg Heggestad-Markane IL, Anna Naustdal-Stårheim IL, Siri Kråkenes-Eid IL, Victoria Bøe Fotland-Markane IL, Ellisiv Hetle-Breimsbygda IL. Lengst bak Oda Svarstad Hole -Markane IL og Thea Dispen Lødemel-Markane IL (delvis skjulte.) Foto: Margunn Hjelmeset
I alt 200 skiløparar stilte til start under årets utgåve av Ullsrennet. Imponerande nok var heile 25 ulike idrettslag frå heile Sogn og Fjordane og store deler av Møre og Romsdal representerte på startstreken.
Markane IL var godt representerte med 41 løparar. Mange av desse har alt vore aktive i fleire år, men gledeleg nok var det også nye namn på resultatlista. Fem løparar frå Markane kom i mål som klassevinnarar: Maren Hjelmeset Kirkeeide (J10), Simon Hjelmeset Kirkeeide (G13), Aksel Mathias Meland (G14), Ingvild Hatledal (J17 FH) og Janne Alsaker (K 19/20). For øvrige resultat viser vi til resultatlista.
Ullsrennet var også det første rennet i SSF-cupen for rekruttar. Poengstillinga for dei ulike klassane etter det første rennet finn du i samanlagtlista nedanfor. SSF-cup for rekruttar held fram søndag 13. januar i Sogndal.
Offisiell resultatliste Ullsrennet 6.1.2013
Samanlagtliste SSF-cup pr 7.1.2013
Mange fleire foto frå helgas Ullsrenn finn du under "les heile saken". Fotograf er Margunn Hjelmeset.
Eskil Kveen og Vegard Lødøen Flo
Oda Svarstad Hole deltok i yngste jenteklassa.
Viktoria Bøe Fotland deltok i klassa for jenter 9 år og yngre.
Jørgen Trøsken, Markane IL og Ørjan Aske, Fjellhug/Vereide klare til start i klassa for gutar 9 år og yngre.
Jørgen Trøsken ut frå start
Maren Hjelmeset Kirkeeide klar til start.
Deltakarar i klassa gutar 9 og yngre etter målgong. Frå venstre: Torje Seljeset, Ørjan Aske, Jørgen Trøsken og Eirik Flo Stavik.
Frå venstre: Katrine Svarstad Heggdal, Amanda Gjøvåg Heggestad, Viktoria Bøe Fotland, Oddrun Hjelmeset Kirkeeide og Oda Svarstad Hole deltok i klassa jenter 9 år eller yngre.
Klassa for jenter 10 år klare til start. Frå høgre: Marthe Gjøvåg Heggestad -Markane IL, Mari Johannessen Skrede -Førde IL, Ida H. Indrebø -Jotun IL, Emilie Flo Stavik -Markane IL og Karoline Flo -Markane IL.
Ingvill Hatledal deltok i jenter 17 år FH.
Maren Hjelmeset Kirkeeide deltok i klassa for jenter 10 år.
Emilie Flo Stavik starta i klassa for jenter 10 år.
Sofie Gjøvåg Heggestad, Markane IL deltok i klassa for jenter 11 år.
Maren Hjelmeset Kirkeeide, Emilie Flo Stavik, Karoline Flo og Marthe Gjøvåg Heggestad
Maren Heggdal Olsen, Else Solheim, Ella S. Kveen og Åshild Heggdal.
Aksel Mathias Meland etter målgong i klasse gutar 14 år.
Vegard Lødøen Flo i gong med løpet.
Eskil Kveen.
Kari Alsaker
Erlend Bjørnhaug Aarnes -Markane IL, Kent Ove Sæten -Hyen, Vegard Lødøen Flo -Markane, Magnar Lødemel -Hornindal, Simon Hjelmeset Kirkeeide -Markane, Aksel Mathias Meland -Markane IL, Even Nesgård, Fjellhug/Vereide, Rasmus Hopland -Hardbagg IL, Marius Heggdal Olsen -Markane IL og Eskil Kveen -Markane IL.
Vegard Lødøen Flo og Eskil Kveen.
Liv Rigmor Netland
Janne Alsaker
Sigbjørn Kirkeeide og Per Heimlid var funksjonærar.
Atle Kroken, Leif Rune Myrvang og Anders Meland.
Håkon Midthjell Gjørven
Grim Nygård
Odd Sindre Tonning og Andreas Halsteinslid deltok i gutar 15 år.
Blide funksjonærar på Ullsrennet
Aslaug Thingnes Bø og Linda Alsaker
Pallen i klassa gutar 13 år. Frå venstre: Magnar Lødemel -Hornindal IL, Simon Hjelmeset Kirkeeide -Markane IL og Jesper Uhre Hammersvik -Førde IL.
Premievinnarar i klassa gutar 13 år.
Pallen i klassa for gutar 14 år. Frå venstre: Brage Burø Sunde frå Førde IL, Aksel Mathias Meland frå Markane IL og Sondre Overvoll Hole -Stordal IL
Premieutdeling for klassa gutar 14 år.
Premieutdeling for klassa jenter 13 år.
Ivar Ulvedal, IL Veten.
Viktoria Bøe Fotland og Oddrun Hjelmeset Kirkeeide
Premieutdeling for klassa gutar 15 år.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.