Kategori
Nove Mesto 9.2.2013:
Postet av Markane IL den 9. Feb 2013
18. plass til Tarjei Bø på VM-sprinten
Det vart ein 18.plass til Tarjei Bø under det første individuelle løpet i årets skiskyttar-VM. I mål var han 1 min 13 sek etter dagens gullvinnar Emil Hegle Svendsen.
Tarjei sitt løp byrja flott med bra fart i løypa og fullt hus på den første skytinga. Ut frå liggjande skyting var han med heilt i teten, men to bom på ståande vart i meste laget for å henge med i medaljekampen. Emil Hegle Svendsen vann sprinten 8,1 sek føre Martin Fourcade, Frankrike og 11,2 sek føre Jakov Fak frå Slovenia. Ole Einar Bjørndalen vart nummer fire, 19,9 sekund bak vinnaren.
I morgon er det klart for jaktstart og då er det gode sjansar for Tarjei til å gå seg oppover resultatlista. Så følg med på VM-jaktstarten i morgon kl.1300 på NRK1.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.