Kategori
Sotsji 9.3.2013:
Postet av Markane IL den 9. Mar 2013
8.plass til Tarjei Bø på sprinten.
Tarjei Bø gjekk seg inn til 8. plass på sprinten i Sotsji. Foto: NRK
Tarjei Bø gjekk inn til 8. plass på sprinten i Sotsji i dag. Etter feilfri liggjande skyting gjekk Tarjei ut på ein femteplass her. Med god fart i sporet var Tarjei godt med i tetkampen inn til andre skyting. Ein bom på fjerde skotet i den ståande serien øydela sjansen til å kome på pallen. I mål heldt det til ein åttandeplass 1min 5 sek etter vinnaren.
Johannes Thingnes Bø gjekk også eit godt løp. Med to gode skyteseriar gjekk han inn til ny bestenotering i verdscupen på eit individuelt løp med ein 20. plass. Differansen fram til teten var 1 min 30 sek.
Martin Fourcade frå Frankrike tok sigeren også i dette løpet. Russiske Evgenij Ustuygov kom på andreplass 42,3 sek bak medan Henrik L`Abee-Lund kom på tredjeplass. Han var 51 sek etter vinnaren.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.