Kategori
Birkebeinerrennet 16.03.2013:
Postet av Markane IL den 18. Mar 2013
Lokale resultat i Birkebeinnerrennet.
Roar Alsaker gjekk inn til 70.plass i klasse M40-44.
I alt seks av Markane IL sine medlemer stilte til start i årets Birkebeinerrenn. I tillegg var ein på start i Fredagsbirken.
Best plassering vart det til Roar Alsaker som blei nummer 70 i klasse M40-44 med tida 3.19.35. Sigbjørn Fænn vart nummer 120 i same klasse med tida 3.25.30. Margunn Hjelmeset var nr 35 i K45-49 med tida 4.08.46. Elles vart Petter Sætremyr (Videonor/MIL) nr 973 i klasse M25-59. I klasse M50-54 vart Svein Rune Aaland (Volkswagen/MIL) nr 438 medan Ola Kirkeeide vart nr 208 i klasse M65-69.
Frank Jakob Sandbakk var den einaste frå MIL som deltok i Fredagbirken. Han kom i mål til ein 52. plass i klasse M16-39.
Lokale resultat i Birkebeinerrennet 16.3.2013 og Fredagsbirken 15.3.2013
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.