Innbyding til medlemsmøte
Postet av Markane IL den 10. Aug 2024
Styret innbyr medlemane til ope medlemsmøte på Ullsheim tysdag 20.august kl.1900.
Møtet er lagt i førekant av fristen for å sende innspel til handlingsprogram for idrett 2025-2028 som er 1.september då vi ser på dette som ei aktuell sak for medlemene å kome med innspel på.
Møtet er tenkt som eit idemøte der medlemane har høve til å kome med innspel til styret -både i høve handlingsprogrammet og andre saker som opptek medlemane våre.
Vi presiserer at dette er ikkje eit møte der det vert vedteke noko. Vedtak om oppstart av anlegg eller liknande må sjølvsagt alltid skje på årsmøte/omframt årsmøte.
Vi håper mange nyttar høve til å kome.
Alle medlemer er velkomne.