Resultatliste for cuprenn 4 i fri teknikk

Postet av Markane IL den 27. Feb 2024


Her er resultatlista frå cuprenn nr. 4 på Ullsheim. Rennet gjekk i fri teknikk og var også lagsrenn for Markane IL.


Resultatliste cuprenn nr 4 i fri teknikk. Dato 27.02.2024



3.plass til Katrine Svarstad Heggdal i Norgescupsprinten

Postet av Markane IL den 25. Feb 2024

Katrine Svarstad Heggdal frå Markane IL/Stryn vgs gjekk inn til tredjeplass på Norgescupsprinten på Fossum i klasse K18.

Ho hadde høg fart i sporet og med fullt hus på første skyting og ein bom på andre skyting så vart det ein ny pallplass berre 29,4 sekund etter vinnaren Eiril Høistad Nordbø frå Fet Skiklubb/NTG Lillehammer som skaut feilfritt. Andreplassen i klassa gjekk til Bjørg Marit Eide frå Hålandsdal IL/NTG Geilo. Ho skaut også feilfritt og var 24,9 sekund etter vinnaren.

Også Mari Sofi Meland gjekk eit flott løp og kom i mål til ein sjetteplass i klasse K19. Sjølv om det vart to bom på den andre skytinga så skilde det berre 51,9 sekund fram til vinnaren Ida Madelein Fuglset frå Nittedal skiskyttarlag/WTR som hadde ein bom. I same klasse kom Oddrun Hjelmeset Kirkeeide på ein 11.plass. Også ho hadde totalt to bom og var 1 min 17.5 sekund etter vinnaren. Elina Østerbø var nr 20 og var 2 min 30,2 etter vinnaren etter ein litt tung dag på standplass med totalt fem bom.

Aksel Mathias Meland vart nr 20 i menn senior. Han hadde ein bom på andre skyting og var 2 min 3,3 sekund etter klassevinnar Jørgen Solhaug Sæter frå Os IL.

Også i går var det Norgscuprenn på Fossum. Det var då kort normaldistanse. Også denne dagen var det Katrine Svarstad Heggdal som fekk best plassering av deltakarane frå Markane IL med ein 8.plass. I klasse K 19 kom Elina Østerbø på 12.plass, Mari Sofi Meland på 13.plass og Oddrun Hjelmeset Kirkeeide på ein 22.plass. Aksel Mathias Meland kom på ein 21.plass i menn senior. Også Maren Hjelmeset Kirkeeide som er klar for Holmenkollen til helga, gjekk normalen på laurdagen. Med totalt tre tilleggsminutt var det denne gongen ein 11.plass. Blant dei andre lokale løparane var det Gunn Kristi Tvinnereim  frå Hardbagg IL som gjorde det best på laurdagen då ho kom på pallen i K20-22.

Foto: Nordfjord Team Tussa



Cuprenn nr 4 og lagsrenn i friteknikk tysdag 27.februar

Postet av Markane IL den 25. Feb 2024

Det er klart for sesongens fjerde cuprenn tysdag 27.februar på Ullsheim. For klassene frå 11 år og oppover så er rennet også lagsrenn i fri teknikk for Markane IL. Utdeling av startnummer frå kl. 1800

Meld dykk gjerne på rennet på førhand ved å kommentere under innlegget på Markane IL si facebookgruppe. Men om du ikkje rekk å melde deg på, så kom likevel :)

Første start vert kl.1830.

Påmeldingsavgift kr 50 kan betalast med VIPPS.

Nye og "gamle" cuprenndeltakarar er velkomne!

Bollar og saft til alle!



Olina Svarstad Heggdal klar for Young Star i Holmenkollen!

Postet av Markane IL den 20. Feb 2024

Olina Svarstad Heggdal er kvalifisert for Young Star i Holmenkollen som vert arrangert i samband med verdscuphelga 2.mars.

Bama Young Star er ein konkurranse for klassane jenter og gutar 15 og 16 år. For Region Vest ligg renna under Bama Kvalfoss-sprinten, Landsdelmeisterskapet på Voss og Hovudlandsrennet til grunn for uttaket. Det vert teke ut 30 jenter og 30 gutar frå heile landet og for Region Vest er det berre to plassar i jenteklassen og tre i guteklassen og kjempe om. 

Dei kvalifiserte frå Region Vest er: Olina Svarstad Heggdal (Markane IL), Symra Emilia Garverhaugen (Fana IL), Abel Tronerud Kvelvane (Voss IL), Emil Blikberg Gjerald (Eldar IL) og Truls-David Takle Tytingvåg (Hardbagg IL).

Vi gratulerer og ønskjer lukke til!



Skikurs for alle nivå -tysdag 20.02.2024

Postet av Markane IL den 19. Feb 2024

Gym Stryn arrangerer i samarbeid med Markane Idrettslag to kveldar på Ullsheim der du kan få tips frå landslagstrenar Sjur Ole Svarstad til korleis du kan gå betre på ski. Du vel sjølv om du går klassisk eller skøyting. Han hjelper deg til betre teknikk, lettare motbakkar og større treningsutbytte.

For:
Vaksne nybegynnarar, mosjonistar, supermosjonistar. Sjur Ole kan jobbe med nivå frå nybegynnar til eliteutøvar, så er du ein plass i dette spekteret så må du møte opp 👌
▪️Tid og stad: Tysdag 23/1 og tysdag 20/2. Begge dagar kl 18:30-19:45. Du treng ikkje delta på begge dagar, bli med på det du ønskjer!
▪️Opplegget er heilt gratis!
▪️Påmelding på sms til Ann Kristin Grodås, 46331481, seinast eit par timar før start






Vm-gull nr 20 til Johannes Thingnes Bø!

Postet av Markane IL den 18. Feb 2024

Johannes Thingnes Bø  vann sitt 20. VM-gull då han gjekk til topps på fellesstarten i Nove Mesto. Tarjei Bø gjekk inn til ein fjerdeplass.

Johannes fekk ein bom på første skyting, men etterpå det vart det eit perfekt løp med fullt hus på dei tre siste skytingane og stor fart i sporet. Med fullt hus også på siste skyting var det ikkje tvil om kvar gullet skulle gå og det 20. VM-gullet var i boks!

Andrejs Rastorgujevs frå Latvia tok sølv 15 sekund bak. Fillon Maillet tok bronsen 33 sekund etter Johannes. Tarjei Bø var med blant dei fremste gjennom heile løpet, men med ein bom på siste skyting vart det akkurat for stor avstand til å kome på pallen, I mål skilde det 42 sekund fram til Johannes og 9 sekund opp til bronsen.

Vi gratulerer!




Olina Svarstad Heggdal tok sølv på Hovudlandsrennet!

Postet av Markane IL den 17. Feb 2024

Olina Svarstad Heggdal tok sølv på normalen i J15 på Hovudlandsrennet i skiskyting på Vingrom.

I mål var ho 17 sekund etter vinnaren Ragnhild Nygård Bjerkås frå Rennebu IL. Bjerkås skaut som den einaste i feltet feilfritt på begge skytingane. Også Olina gjorde det godt på standplass med fullt hus på den første skytinga og ein bom på den andre. Bronsen gjekk til Maria Sæther Verdenius frå Vingelen IL som var 38,2 sekund etter vinnaren med totalt fire bom. I alt 50 jenter frå heile landet konkurrerte i klassen.

Hovudlandsrennet starta i går med konkurranse i skiskyttarcross. Også her gjorde Olina flott innsats med ein 6.plass i klassa, I denne konkurransen var ho 58,7 sekund etter vinnaren som vart Maria Sæther Verdenius frå Vingelen IL. Begge hadde totalt tre bom på dei to skytingane.

Hovudlandsrennet vart avslutta i morgon med stafettar. Olina Svarstad Heggdal skal der gå siste etappen på Sogn og Fjordane sitt J15-16 lag. Dei to andre på laget er Ida Frøysland frå Førde IL og Ronja Haughovd frå Stårheim IL


Resultatliste Hovudlandsrennet skiskyting J15 normal Dato: 17.02.2024k

Resultatliste Hovudlandrennet skiskyting J15 skiskyttarcross 16.02.2024


Vi gratulerer!


Foto: Privat, frå Kvalfoss-sprinten 2024 






Sølv på VM-stafetten med Tarjei og Johannes på laget

Postet av Markane IL den 17. Feb 2024

Det vart VM-sølv til det norske herrelaget i skiskyttar-VM i Nove Mesto der Tarjei Bø gjekk andre etappe og Johannes Thingnes Bø gjekk tredje etappe. 


Det norske laget bestod av Sturla Holm Lægreid, Tarjei Bø, Johannes Thingnes Bø og Vetle Sjåstad Christensen. 

Sturla Holm Lægreid brukte eit ekstra skot på første skyting og Noreg hamna 12.5 sekund etter leiarlaget. På andre skyting stod det igjen ein blink etter tre ekstraskot og dermed vart det ein strafferunde. Noreg hamna dermed eit stykke bak i køen og var 44,7 sekund etter leiarlaget ved veksling.

Tarjei Bø gjekk andre etappe og gjorde ein flott innsats. Med ein feilfri serie på liggjande var det norske laget berre 19, seku0nd etter teten på ein 6.plass. På ståande skyting vart det to ekstra skot, men Noreg gjekk ut berre 9, 3 sekund etter teten. Med høg fart i sporet sende Tarjei det norske laget tilbake i leiinga og veksla som første lag. Tsjekkia følgde på andreplass 5, 4 sekund bak og Sverige på tredje 18,6 sekund bak.

Johannes Thingnes Bø tok godt vare på leiinga gjennom heile sin etappe. Det vart to ekstra skot på første skyting, men Noreg var likevel 21, 1 sekund føre laget på andreplass, Sverige. Johannes skaut ein perfekt serie på ståande og auka leiinga til resten av feltet. Ved veksling hadde Noreg 30, 3 sekund ned til Sverige og 59,7 sekund til Tyskland.

Vetle Sjåstad Christensen gjekk ankeretappen for Noreg. Det starta bra med ein feilfri serie på liggjande skyting og utfrå liggjande var Noreg 59,7 sekund føre Sverige. Men på den siste skytinga rakna det. Etter tre ekstra skot stod det framleis tre blinkar igjen. Dermed enda det med tre strafferundar. Noreg gjekk ut på sisterunden på tredjeplass 25,0 sekund etter Sverige og 5,1 sekund etter Frankrike. Sverige og gullet var dermed ikkje noko å gjere med, men Vetle gjekk forbi Frankrike på sisterunde og sikra Noreg ein sølvmedalje med eit sekunds margin. Differansen fram til Sverige vart i mål til 11, 8 sekund.

Vi gratulerer med VM-sølvmedalje!



Bronse på parstafetten til Johannes Thingnes Bø

Postet av Markane IL den 15. Feb 2024

Johannes Thingnes Bø tok saman med Ingrid Landmark Tandrevold bronse på parstafetten under VM i Nove Mesto. 


Johannes måtte bruke to ekstra skot på kvar av sine rundar medan Ingrid Tandrevold skaut feilfritt på den første av sine to etappar. Noreg låg lenge i tet saman med Frankrike, men når det skulle avgjerast på siste skyting enda Tandrevold  strafferunden og dermed glapp sjansen til gull. Gullet gjekk til Frankrike, sølvet til Italia og det vart bronse til det norske laget.

Vi gratulerer med ny VM-medalje!



Gull og sølv til Johannes og Tarjei på normalen i VM!!

Postet av Markane IL den 14. Feb 2024

Normaldistansen i VM enda med gull til Johannes Thingnes Bø og sølv til Tarjei Bø!! Betre kan det ikkje gjerast. Johannes fekk dermed sitt 19. VM-gull totalt og fjerde medalje i dette meisterskapet medan Tarjei fekk sin andre medalje'.



Johannes fekk ein bom på første skyting, men etter det var det eit prikkfritt løp. 19 treff totalt og høg fart i sporet var meir enn nok til eit suverent  VM-gull. Næraste konkurrent vart bror Tarjei Bø som gjekk inn til ein flott sølvmedalje. Det kom ein bom på andre skyting, men også han prikka inn 19 treff og med god fart i sporet var han i mål til klar sølvmedalje, 58,9 sekund etter Johannes. Bronsen gjekk til tyske Benedict Doll. Også han skaut 19 treff, men hadde lågare fart i sporet og var 1 min 53,3 sekund etter  Johannes.

Neste VM-øving er parstafetten i morgon.

Foto: Skjermdump frå video frå Nove Mesto (Markane IL)

Vi gratulerer Johannes og Tarjei med gull og sølv!



Resultatliste frå cuprenn nr 3 på Ullsheim

Postet av Markane IL den 13. Feb 2024

Her er resultatlista frå sesongens tredje cuprenn i klassisk stil. Rennet var også lagsrenn for klassane frå 11 år og oppover

Resultatliste cuprenn nr 3. Dato: 13.02.2024

Resultatliste lagsrenn i klassisk stil 13.02.2024



Cuprenn og lagsrenn i klassisk stil tysdag 13.02.2024

Postet av Markane IL den 12. Feb 2024

Det vert cuprenn i klassisk stil tysdag 13.februar. For klassene frå og med 11 år er rennet også lagsmeisterskap for Markane IL.  

Det vert utdeling av startnummer frå kl.1800

Meld dykk gjerne på rennet på førhand ved å kommentere under innlegget på Markane IL si facebookgruppe. Men om du ikkje rekk å melde deg på, så kom likevel :)

Første start vert kl.1830.

Påmeldingsavgift kr 50 kan betalast med VIPPS.

Nye og "gamle" cuprenndeltakarar er velkomne!

Bollar og saft til alle!



1. og 2.plassar under LM skiskyting på Voss!

Postet av Markane IL den 11. Feb 2024

Markane hadde fem løparar i aksjon under sprint  og normal påLM skiskyting på Voss i helga. Det enda med fem førsteplassar og fem andreplassar på dei to renna.  

Elina Østerbø gjekk til topps både på normalen og på sprinten i K19. I begge løpa var det lagvenninna Oddrun Hjelmeset Kirkeeide som kom på andreplass.

I klasse K18 gjekk Katrine Svarstad Heggdal til topps på sprinten medan det vart ein andreplass på normaldistansen.

Olina Svarstad Heggdal vann normaldistansen i J15 med feilfriskyting medan det vart ein andreplass på sprinten.

Brita Svarstad Heggdal gjekk til topps på sprinten i J13 og kom på andreplass på normaldistansen.

Foto: Brita Svarstad Heggdal (frå Kvalfoss-sprinten 2024)

Resultatliste sprint LM 10.02.2024

Resultatliste normaldistanse LM 11.02.2024

Vi gratulerer alle med flotte resultat!



VM-gull til Johannes på jaktstarten!

Postet av Markane IL den 11. Feb 2024

Johannes Thingnes Bø sikra seg det VM-gull nr 18 i karrieren så langt då han tok ein suveren siger på jaktstarten i Nove Mesto! Tarjei Bø kom på femteplass.

Vetle Sjåstad Christiansen låg i tet fram til siste skyting med Johannes og Tarjei rett bak .Medan Johannes skaut fullt hus, så bomma Sjåstad Christiansen to gongar. Dermed var det klart for VM-gull til Johannes.  Tarjei Bø skaut seg bort med fire bom på siste skyting, men kom likevel på ein solid femteplass totalt. I mål var han 1 min 20,9 sekund etter Johannes.

Det vart heilnorsk på dei fem første plassane med Johannes Thingnes Bø 28,7 sekund føre sølvvinnar Sturla Holm Lægreid. Vetle Sjåstad Christensen sikra seg bronse 38,5 sekund bak Johannes.

Neste konkurranse i skiskyttar-VM er normaldistansen som går på tysdag for kvinner og onsdag for menn,

Vi gratulerer Johannes med det 18. VM-gullet!.


VM-sølv til Johannes Thingnes Bø på sprinten!

Postet av Markane IL den 10. Feb 2024

Johannes Thingnes Bø sikra seg sølvmedalje på 10 km sprint i Nove Mesto. Gullet gjekk til Sturla Holm Lægreid som med ein rask sisterunde kom seg i mål med 3,5 sekund betre tid enn Johannes. Tarjei Bø hadde stor fart i sporet og  gjekk inn til ein flott sjetteplass sjølv om det vart to strafferundar.


Johannes Thingnes Bø såg lenge an til å ta nok eit VM- gull, men frå høgt startnummer kom Sturla Holm Lægreid i kanonform. Han klarte å kome seg i mål 3,5 sekund føre Johannes og skubba dermed Johannes ned til sølvplass. Pallen vart heilnorsk på Vetle Sjåstad Christensen sikra bronsen. Både Johannes og Vetle skaut på seg ein strafferunde medan Sturla skaut to feilfrie skytingar.

Tarjei Bø var på sin sjetteplass 37,5 sekund etter vinnaren og har eit godt utgangspunkt til morgondagens jaktstart

Foto: NTB

Vi gratulerer!



VM-sølv på blanda stafett!

Postet av Markane IL den 10. Feb 2024

Det vart VM-sølv til det norske laget i blanda stafett i Nove Mesto. På laget gjekk Tarjei Bø og Johannes Thingnes Bø saman med Karoline Knotten og Ingrid Landmark Tandrevold.

Det var Tarjei som gjekk startetappen for Noreg. På første skyting vart det fullt hus, men to ekstraskot på ståande gjorde at Tarjei gjekk ut på sisterunden 24,7 sekund bak Tyskland og 20 sekund bak Frakrike. Inn til veksling tok Tarjei litt innpå, og Johannes Thingnes Bø gjekk ut på andre etappe 16,7 sekund bak teten.

Johannes tok inn halve forspranget inn til liggande, men med eitt ekstraskot var avstanden opp til Tyskland auka til 22,7 sekund. På ståande skyting klarte Johannes akkurat å halde seg unna strafferunden, men han måtte bruke alle tre ekstraskota. Det tyske og franske laget sleit også i regnveret, og ved veksling ut på tredje etappe var Norge 28,8 sekund bak teten.

På tredje etappe imponerte Karoline Knotten med to feilfrie skytingar. Dermed var det norske laget med i  kampen om sigeren, og ved veksling var Norge berre åtte sekund bak Frankrike. Bakfrå hadde også svenskane meldt seg på i kampen om medalje.

Verdscupleiar Ingrid Landmark Tandrevold gjekk siste etappe for Noreg. Ho brukte eitt ekstraskot på kvar av dei to skytingane. Franske Julia Simon var det ikkje noko å gjere med. Ho heldt klart unna i teten. I mål var Tandrevold 46,8 sekund bak den franske løparen. Sverige sikra seg akkurat bronsen etter at Sveits var nære på å ta innersvingen på Elvira Öberg på oppløpet.

Vi gratulerer med VM-sølv!



Bronse på stafetten i junior-NM!

Postet av Markane IL den 4. Feb 2024

Mari Sofi Meland gjekk på Sogn og Fjordane sitt bronselag i K17-22 saman med hardbaggløparane Gunn Kristi Stensaker Tvinnereim og Ann Kristin Aaland.

Ann Kristin Aaland som tok sølv på sprinten før i meisterskapen gjekk ein flott første etappe og skaut to fulle hus. Ho veksla som nummer to og sende ut Gunn Kristi Stensaker Tvinnereim, 45 sekund bak det leiande laget frå  Telemark og Vestfold.

Gunn Kristi følgde opp med ein god etappe. Ho utlikna heile forspranget fram til teten og kunne veksle likt med Telemark og Vestfold.

Mari Sofi Meland gjekk på den siste etappen. Ho har gjort det bra tidlegare i meisterskapen med ein 7. plass på fellesstarten fredag. Ho heldt Telemark og Vestfold bak seg med nokre sekund inn til første skyting, men Oslo og Akershus sitt førstelag gjekk svært god i sporet og passerte ho i løypa. NM-vinnar Maren Sofie Brännare-Gran hadde ein ny god dag og auka også leinga utover etappen.

Inn til siste skyting hadde også Oslo og Akershus sitt andrelag passert Sogn og Fjordane. Men Mari Sofi gjorde sine saker svært bra og fekk ned blinkane utan strafferundar. Ut på siste runde var det vel minuttet fram til tet og ca. 15 sekund til andreplass.

Begge laga frå Oslo og Akershus auka litt inn mot mål men med god klaring til Hordaland på fjerdeplass sikra Mari Sofi ein flott bronsemedalje til Sogn og Fjordane!

Vi gratulerer!


Foto: Nordfjord Team Tussa



Resultatliste frå skiskyttarcross på Ullsheim

Postet av Markane IL den 4. Feb 2024

Søndag 4.februar var det klart for skiskyttarcross på Ullsheim. I alt 46 deltakarar i klassene opp til 16 år deltok.

Her er resultata:

Resultatliste for skiskyttarcross på Ullsheim 04.02.2024



2.plass i Norgescupen til Simon Hjelmeset Kirkeeide!

Postet av Markane IL den 4. Feb 2024

Simon Hjelmeset Kirkeeide gjekk inn til andreplass på sprinten i klasse menn senior under Norgscupen på Oppdal.

Med god fart i sporet og berre ein runde på standplass kom han i mål 16 sekund bak etter vinnaren Sverre Dahlen Aspenes frå Skatval som hadde to rundar. Sindre Fjellheim Jorde tok tredjeplassen, ti sekund bak.

Aksel Mathias Meland gjekk inn til 25. plass i same klasse etter at han måtte ut i  tre strafferundar på den ståande serien.

For dei yngre klassane er det også NM denne helga. Mari Sofi Meland vart nummer 11 i klasse K19. Ho skaut fem bom og var 3'16 bak vinnaren. Elida Fuglem frå Valldal IL/Stryn vgs tok ein fin 9. plass i denne klassen medan Elina Østerbø som representerer Markane vart nummer 17.

I klasse K18  kom Katrine Svarstad Heggdal på ein 20.plass etter ein dårleg dag på standplass.

Foto: Nordfjord Team






NB!Skiskytingcross på Ullsheim vert flytta til 4.februar! Påmeldingsfrist 2.februar kl.23.59!

Postet av Markane IL den 1. Feb 2024

Skiskytingscross er ei ny øving som vi vil prøve ut. Her blir det innlagt ulike hinder i løypa som kuler, orgeltramp, litt slalåm m.m. og ved bom på standplass får ein eit tillegg på 20 sek pr bom. Det blir ulik vanskegrad og rennet er for alle fra nybyrjarar til 16 år. Dette blir moro og vi oppmodar alle til å vere med å utforske denne øvinga innanfor skiskyting. Nemner at dette er ei øving for 15-16 åringane som skal på hovudlandsrennet. 

NB! RENNET SKISKYTTERCROSS ULLSHEIM vert UTSETT frå laurdag 3.2  til søndag 4.2!
Grunnen er veirmeldingar på laurdag med mykje regn og endå verre..mykje vind..💦
På søndag er det vesentleg betre meldingar. 
NB. Første start blir kl 12.00. Innskyting kl. 10.30-11.30. 
Felles gjennomgang løype kl. 11.30.
Påmeldingsfrist er endra til fredag 2.2 kl. 23.59. 

Online via www.eqtiming.no 

Informasjon i innbydinga utanom ovanfornemnde dato og klokkeslett er rett.

Ved spørsmål; ta kontakt med Nils Heggdal 92606663.