Klart for sesongens første nær-o-løp 11.mai

Postet av Markane IL den 7. Mai 2016

Markane IL innbyr til sesongens første nær-o-løp onsdag 11.mai i Tonningskamben med utgongspunkt i Setrevegen. Det vert merka frå Strynehallen. Første start kl.1800.

I samband med at det er Verdens orienteringsdag vert det i tillegg til nybyrjarløpet som har enkle poster langs stiane, kartleikar, der ein lærer dei enklaste kartteikna, og ein kan få testa spurteigenskapane i ei «Rakettløype».

Orientering er for alle aldrar og vi vil også tilby eit lynkurs i bruk av kart og kompass. Alle deltakarar får tildelt diplom for deltakinga.

Dette er starten på orienteringssesongen i Stryn. MIL vil utover våren og fram til sommaren arrangere fleire orienteringsaktivitetar, som nær o-løp kvar torsdag, Finn-Fram-dagen i juni og sjølvsagt vert det nye sjansar til å plukke turorienteringspostar. Terminliste vert lagt ut snart.

Verdens orienteringsdag (World Orienteering Day) vert arrangert i over 60 land den 11.mai 2016. Det er Det internasjonale Orienteringsforbundet som inviterer og målet er å gje flest mogleg born og unge i heile verda spennande og inspirerande orienteringsoppleving og å gjere idretten kjena for fleire. Målet er også å få fleire deltakarar enn den tidligare verdsrekorden i tal på deltakarar som spring ei orienteringsløype på ein dag. Det betyr meir enn 250 000 deltakarar! Hittil er det påmeldt 1358 lokasjonar fordelt over heile verda.

Vi ønskjer gamle og nye medlemer velkomne til o-løp!





Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline