Løypeskildring Tverrfjelldilten 2016

Postet av Markane IL den 5. Feb 2016

Litt om løypa til Tverrfjelldilten 2016:

Det blir 2 like rundar kvar på 20,1 km. Start og innkomst på Ullsheim 350 moh.

Etter start går løypa i lett terreng første 2,5 km. Så blir det stigning mot Tverrfjellet og terrenget flatar ut, og ein kjem til Spjelkebu etter 4,2 km. Der er første drikkestasjon. Ei lett stigning før ein renner ned mot Tonningsetra. Løypa går så med jamn stigning opp Vikadalen før den tar inn på Bjønnaløypa og renner ned mot Spjelkebu. Høve til meir påfyll av drikke her etter 9,2 km.

Stigninga mot Holesetra er i år lagt om slik at den er meir kupert og får eit avbrekk med litt unnakøyring midtveis. Etter 13,7 km passerer ein høgaste punket ved Holesetra ca 520 moh.

Unnakøyring mot Ullsheim med nokre avbrekk med småbakkar og flater. Etter 17 km går løypa i lett kupert terreng til Ullsheim. Ny runde og høve til påfyll av drikke.

Årets utgåve av Tverrfjelldilten er ei kupert og fin løype. Stigning pr. km er 23 m same som Birken har. Alle unnakøyringane er bra utan store utfordringar.

Nokre turløyper går i same området, men løypa er godt merka med grøne piler og skilting.

Med dei flotte snøforholda vi no har fått skulle det ligge godt til rette for eit fint renn.

Vel møtt

Per Hatledal ( løypesjef mobil 950 59 000 )


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.