5.plass til Maren Hjelmeset Kirkeeide på Bendit Kvalfossprinten-normal

Postet av Markane IL den 1. Feb 2016

Maren Hjelmeset Kirkeeide vart beste Markaneløpar også på normaldistansen under Bendit Kvalfossprinten med ein flott femteplass.

Med fullt hus på første skyting og to bom på andre skyting var ho 1 min 1 sek etter klassevinnar Ingvild Lilletveit Kvåle frå Kvam langrenn-og skiskyttarklubb som hadde to fulle hus. I same klasse kom Emilie Flo Stavik på ein 20.plass. Ho var 2 min 34 sek etter med totalt fem bom.

Simon Hjelmeset Kirkeeide kom på ein fin 10.plass i G16. Han hadde totalt fem bom, men med klassas beste langrennstid vart det likevel ei god plassering, berre 53 sek etter vinnaren. Klassevinnar vart Christian Bucher-Johannessen frå Fossum IL. Sander Maanum Trulsen kom på andreplass, 21 sek etter vinnaren med to fulle hus. Per Hansen Austjord frå Fyresdal skiskyttarlag vart nummer tre, 27 sek etter vinnaren. Også han hadde to fulle hus.

I klasse J16 vart Kari Alsaker nr 26. Med totalt tre bom var ho 4 min 9 sek etter Åsne Skrede frå Geilo IL som hadde to bom. Andreplassen gjekk til Ingvild Tronstad Andersen frå IL Bevern som var 56 sek etter vinnaren med ein bom. Anne Marie Roset kom på 34.plass. Ho var 4 min 51 sek etter vinnaren med fire bom.

I klasse G15 vart Magnus Midthjell Gjørven nr 69 med ein bom. Han var 5 min 11 etter klassevinnar Eirik Idland frå Figgjo IL. Nikolai Dispen Lødemel vart nummer 85, 6 min 17 etter vinnaren med totalt fem bom.

I klasse G14 kom Oskar Guddal Breivik nr 43. Han hadde totalt seks bom og var 3 min 54 sek etter klassevinnar Emil Hage Streitlien frå Folldal IL som skaut fullt. Sigurd Fotland Fænn vart nr 58 i same klasse. Han var 4 min 30 sek etter med seks bom.

Elias Dispen Lødemel vart nr 66 i klasse G13. Han hadde fire bom og var 4 min 19 sek etter klassevinnar Erik Sporaland frå Figgjo IL. G13 var også i dag største klassa med 124 påmelde.

Resultatliste Bendit kvalfoss-sprinten normaldistanse 2016 Dato 31.01.2016.pdf



Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.